Kurant kunst-app

Kunstporten blir neppe det nye Angry Birds, men appen kan fungere til sitt bruk. Betre kan det bli dersom dei involverte institusjonane tek seg tid til å vidareutvikle innhaldet.

Nokre museumsopplevingar gjer seg fortsatt best utan app, som kopien av Kurt Schwitters Mertzhytte på Henie Onstad kunstsenter.
Nokre museumsopplevingar gjer seg fortsatt best utan app, som kopien av Kurt Schwitters Mertzhytte på Henie Onstad Kunstsenter.

Kunstporten er namnet til ein mobilapplikasjon som byr på kunstformidling tufta på demografiane «barnefamiliar» og «ungdom», og inneheld pedagogiske program skreddarsydd for Lillehammer Kunstmuseum, Henie Onstad Kunstsenter, Munchmuseet, Nasjonalmuseet, Drammens Museum, Haugar Vestfold Kunstmuseum og Astrup Fearnley Museet. Prosjektet er tufta på oppfatninga om at barn og unge kan oppleve museumsbesøk som keisamt. Med Kunstporten i hand kan dei gnukke og gni på berøringsskjermar for å mane fram video, lyd, tekst og bilete, ei rekkje potensielt tankevekkjande kreative oppgåver, artige og/eller knusktørre faktaopplysningar og stundom augeopnande spørsmål. Ikkje heilt ulikt den tradisjonelle audioguiden, men med større anlegg for interaksjon og engasjement. Grensesnittet er så enkelt at sjølv barn kan operere det: Ein pelar på skjermflata til eit berbart apparatur for å angi det aktuelle museet som skal utforskast. Deretter vel ein mellom to hovudprogram som dei involverte institusjonane har sett saman: Kunstagenter, designa for små barn og deira respektive vaksne eskorter, og Huskelappen, som er laga for ungdom.

Screenshot16
Huskelappen gir bla. innføring i sentrale kunstteoretiske omgrep som readymade og appropriasjon.

Kunstagenter kan vise seg å bli eit nyttig verktøy for rådville vaksne på museumsbesøk med barn på slep. Her blir det servert informasjonsbitar som kan hjelpe føresette med å samtale med smårollingane og stimulere til spekulasjon, og det ausast opp mangt eit innlegg som brukarane kan traktere på det viset som passar dei – enkelte vil kan hende fokusere på dei rett som det er undringsskapande spørsmåla og fascinerande opplysingane, medan dei meir utagerande kan velje å hive seg på det teatralske «kunstmusea treng hjelp frå deg»-detektiv-dramaet. I tillegg blir det diska opp med kreative oppgåver der ungane blir oppfordra til å parafrasere deler av den sentrale tematikken i nokre av verka. Her blir det nok produsert mykje bra kreativ output som eg gjerne skulle ha sett – og mykje dårlig, som eg er sjeleglad for at eg slepp å vite av.

Huskelappen-delane handlar om å få pubertale skapningar til å diskutere kunsten seg sjølv i mellom, med appen som ein slags nøytral, allvitande moderator. Huskelappen gir til dømes, i Astrup Fearnley Museet sitt tilfelle, enkle innføringar i sentrale omgrep innan postmodernistisk kunstteori, slik som ready made og appropriasjon, med tilhøyrande oppskissering av grove kunsthistoriske liner, frå Duchamp til Koons og Hirst via Warhol.

Joachim Christian-Geelmuyden Gyldenkrantz Frich, ,Fjordlandskap, 1856. Lillehammer Kunstmuseum.
Joachim Christian-Geelmuyden Gyldenkrantz Frich, Fjordlandskap, 1856. Lillehammer Kunstmuseum.

Ofte fungerer Kunstporten, nett som namnet tilseier, som ein slags inngangsport til kunsten, og kan nok i mange tilfelle bidra til å syne sider ved kunsten som ikkje openberrar seg ved første augekast, eller som det krevst spesifikk bakgrunnsinformasjon og kunnskap om historiske epokar for å oppfatte. I følgje utviklaren Making Waves fungerer appen som ein dynamisk plattform som musea sjølve fyller med gehalt. Dette betyr at innhaldet kan utvidast, endrast og forbetrast etter kvart som erfaringar gjerast. Sjølv om store deler fungerer bra i pedagogisk forstand, finst òg mykje rom for forbetring, og i nokre leie tilfelle blir historitisk dogmatikk lagt fram forkledd som sanninga – dette trass dei frigjerande mantra «det du syns er viktig er det som er riktig» og «husk at kunst ikkje naudsynt har eit fasitsvar, men kan tolkast på mange ulike måtar».

Delane som tek for seg nasjonalromantikken – Lillehammer Kunstmuseum og Drammens Museum – står plassert i kvar sin ende av høgtidelegheitsskalaen. Lillehammer Kunstmuseum går ofte i dogmatikkfella og seier «slik er det» om sider ved verka som ikkje naudsynt har seg akkurat slik. Til dømes talast det alvorsprega om såkalla «skjulte leseliner» i landskapsmåleriet, noko som truleg berre finst dersom ein trur på at det finst, og som ein gjerne finn der ein leitar etter dei. «DETTE ER JO BARE TULL!» som TV-apparatet i rommet eg sat i utbasunerte i skrivande stund.

Peter Petersen, Andrea Wilhelmine Bang, 1831.
Peter Petersen, Andrea Wilhelmine Bang, 1831. Drammen Museum.

Apropos tull: Drammens Museum på si side formidlar med humor og glimt i auget. I stadet for den strenge, seriøse tonen slengast det fram fun facts på flåsete, men forfriskande, vis. Det ymtast til dømes frampå om at nokre av desse norske nasjonalromantikarene klatta i hop ein slags idealiserte karikaturar av norsk natur for auka appell på den tyske marknaden. Slike taktiske motiv framstår som meir aktuelle å reflektere over enn mystifiserande påstandar om komposisjon og insisterande geniforklaringar. Drammens Museum tillet òg nokre anakronismar, noko som sjølvsagt er naudsynt dersom andre enn kunstarkeologar med mistenkelege historiseringsmotiv skal få «gode opplevingar [som] handlar om å involvere og engasjere publikum», slik Kunstporten si pressemelding talar om. Munchmuseet og Nasjonalmuseet har ikkje publisert ungdomsinnhaldet sitt enno, så det gjenstår å sjå om dei meistrar å formidle samlingane sine på måtar som kan engasjere dagens ungdom og setje den gamle kunsten i relieff mot samtida.

Kunstporten blir neppe det nye Angry Birds, men appen kan fungere til sitt bruk. Betre kan det bli dersom dei involverte institusjonane tek seg tid til å vidareutvikle innhaldet og spisse det inn mot visjonen om engasjement og tolkingsfridom. Når det er sagt, kan ein likevel stille spørsmål ved sjølve eksistensretten til appen, for grunnleggjande sett har vi å gjere med ei vidareføring av kjernen i kunstinstitusjonen sitt problem: Den konstante kanoniseringa, den sjølvrettferdige instrumentaliseringa og den desperate didaktikken. Kvifor ikkje late kidsa lide seg gjennom eit «keisamt» besøk på museet, ei stakka stund i abstinens frå å smørje fingerfeitt ut over ein bakteriebefengt berøringsskjerm? Og når ein først har bestemt seg for å vere pedagogisk: Kva skjedde med korrekturlesinga? Kvifor fortalde ingen han eine tenåringen som talar om nasjonalromantikken at det ikkje finst nokon tysk by som heiter Dredsen? Og kvifor insisterer Astrup Fearnley Museet på å marknadsføre seg sjølv med larmande ord delings feil?

Kari Steihaug, Det rommet du sier vi ikke har, på utstillinga Tusen tråder som nett no visast på Lillehammer Kunstmuseum. Foto: Hilde Fauskerud.
Kari Steihaug, Det rommet du sier vi ikke har, på utstillinga Tusen tråder som nett no visast på Lillehammer Kunstmuseum. Foto: Hilde Fauskerud.

Læserindlæg