Mikrofonstativ og overflatebehandling

Utstillingen etterlyser kritikken som motmakt, og vil at kritikkbegrepet skal diskuteres, men den kommer i liten grad med argumenter til en slik diskusjon.

Utstillingen etterlyser kritikken som motmakt, og vil at kritikkbegrepet skal diskuteres, men den kommer i liten grad med argumenter til en slik diskusjon.


Plapring. Det er det fyrste som møter publikum. Tolv av disiplinen kritikk sine disiplar tyt oss øyrene fulle om sitt eige verke. Meir nyansert vil det seie at kunsthistorikarar, andre universitetsutdanna personar – jamt over frå humaniora, redaktørar og kritikarar som også er kunstnarar, svarer på spørsmål eller teser om kritikk. Lysten til å høyra på dei går fort over. Det vert så mykje på ein gong; kameraet er ganske så opp i fjeset på dei, fjesa er i sin tur veldig forstørra, i tillegg har du altså polyfonien og dessutan projisert tekst. Teksten er problemstillingane og påstandane frå den muntlege intervjusituasjonen, og denne teksten rullar og går jamt og trutt under dei tolv projeksjonane.

Ein tilsett kjem plutseleg som sendt frå himmelen og forklarer uoppfordra at ein kan regulera antal stemmer og lydnivået. Eg føler meg forplikta til å opplysa ein eldre mann som om litt kjem inn om at han ikkje treng å høyra på nett den eg har valgt og korleis han eventuelt skal endra det. Men nei, han tar mitt valg for gitt. Og korleis er utvalet? Bergen og Bergens Tidende er prosentvis veldig godt representert, men Øystein Hauge manglar. Berven sa på Kulturnytt at nokon av dei beste/krassaste (hugsar ikkje kva ord ho brukte) hadde ho latt utebli, og eksemplifiserte med han. Personleg liker eg Hauge når han er poetisk, for han verkar genuin då, og ikkje så mykje når han viser at han har kunstteorien inne. Diverre, men sjølvfølgeleg, er Tommy Olsson med, denne tinnsoldat i sjølvforsvar. Han var ikkje audmjuk, men barnsleg i konfrontasjonen med dei legitime innvendingane mot hans kritikk-mal. Kvifor bruka tid på å lesa om hans drosjeturar til eller frå galleri og andre usaklege forteljingar? Eg slutta å lesa han ein stad i debatten, mellom anna på kunstkritikk.no, om hans skule.

Alle kritikkar og innlegg frå kunstkritikk.no vert skrive ut og endar i stablar i galleriet. Femten minutts berømmelse? Kunstkritikk.no 1:1 vert denne delen av verket kalla. Artig tittelmessig. Men pressemeldinga sine ord om at kritikk vert objektivisert – kva er det for noko tull? Vidare er her ein todelt minivideo kalla Alfabetisk bearbeid som heile tida produserer ord digitalt à la ei ordliste. Me ser til ei kvar tid berre deler av ordrekkjene, som sidene i ei digital ordliste. Til slutt vert alt merka med svart og sletta. Til dømes stod «kvalm, intetsigende, demonisere, fornærme», å lesa – «funne ord» frå kritikkar? Og vil lekfolk forstå kva eg meiner med «funne ord»? Er kritikarane Ingrid sine muser?

Antigoni heiter ein annan del av verket. «Pasjon og polemikk» vert til informasjon kalla éit samansett verk. Antigoni består av eit varme- og eit kuldeelement forma som hender som pekar pistolaktig mot kvarandre. Eg hadde venta at Berven skulle koma med ei motrøst, mens eg føler at eg finn berre illustrasjonar, som at to synspunkt meirsom står steilt mot kvarandre (jamfør varmt – kaldt). Og det er jo så banalt at det kanskje betyr at kunstnaren plederer for nyansar, litt velvillig tolka? Ettersom ho speler på totaltilnærminga på galleriet si heimeside, hadde ein gjerne venta seg ein kunstnar som agerte som totalteater regissør. Litt velvillig igjen, så er det vel ei slags mild iscenesetjing av kritikarar ho driv med i utstillinga sin hovuddel, den eg byrja meldinga med å fortelja om.

Ideelt sett bør ein kritikar ha teft for kunst, ein intuitiv forståelse. Ideelt sett bør ein nærmast vera kunstnar for å uttala seg, iallfall ikkje vera Vidar Kleppe. Då fell jo alt som ikkje liknar på Gude og Dahl utanom. Men «stemmeberettiga» er eit fælt ord, og kven skriv ein eigentleg for? Det er ilt å oppleva vanlege folk som ikkje føler dei har rett til eller vågar å gå inn i galleriet der eg av og til arbeider som formidlar. I pressemeldinga til «Pasjon og polemikk» heiter det at på do er alle meiningsberettiga. Viss eg hadde hatt yrkesstoltheit så hadde eg tatt det som ein fornærming. Men eg identifiserer meg verken med kritikk- eller kunsthistorikargjerninga. Når eg er på den sida, på feil side, er eg ikkje pasjonert, men gjer det for pengane. Eg prøver å ikkje vera sjølvbiografiserande, men også kunstnarar er det. Tenk på Tracey Emin og Sofie Calle. Uansett, på doen på Hordaland kunstsenter kan ein lesa kva besøkjande har rabla ned, til dømes «Ja til flere heltidsansatte kritikere!» og «Ja til flere deltidsansatte kritikere!» Og betalinga? Kritikarar kan ikkje slå i bordet med liknande det Berven har hatt å rutta med: etablerarstipend, utstillingsstipend, utstyrsstøtte, pengar frå vederlagsfondet og garantiinntekt.

Ingrid Berven kritiserer ikkje kritikkbegrepet eller kritikarar, men er på overflata. Ho kopierer og speglar kritikken. Laga ho verket utifrå meldarane? Det er i så fall betenkeleg, iallfall så lenge ho ikke polemiserer sjølv. Ho lar seg i tillegg bruka som eit mikrofonstativ av desse tolv. Og er det eit element av dette i alle kritikkar? At kvart verk ein skal melda og alt ein skal uttala seg om, er eit påskot for å koma med meiningar ein ville hatt uavhengig av det aktuelle verket? Makt er ikkje upersonleg, som Siri Meyer skriv i Den lille Machiavelli: Maktspill til hverdagsbruk, og følelsar er med i spelet. Kva gjeld det personlege, så er ikkje kunstnaren det i dette tilfellet sjølv om det vert spela på totalkunstverket/-regien. Ho verkar ikkje opptatt av å vinna fram, ho fortel meg ikkje noko nytt, er ikkje til stades bortsett frå i utvalet av kritikarar og ledande spørsmål. Vidare så er det ikkje råd å ana kva Berven tykkjer om emosjon i kritikk, om ho er «open for» eller negativ til det, jamvel om det er eit av stikkorda som vart gitt til dei tolv kritikarane/deltakarane. Kjønna kritikk tas og opp, men då om kvinner og menn tar kritikk på ulik måte. Uinteressant, og på nivå med å verta imponert over «kvinner som kan». Andre emner er smak og jantelov. Her er ganske mange element, og difor lite som festar seg?

Eit deltema for Berven er fagområder. Det dreier seg om standardar, som igjen går på erfaring og evne til å uttrykkja seg. Dette vil eg fyrst kommentera ved å fortelja om ein kollega som meinte det var inkjevetta å verta kunsthistorikar – det var berre å tileigna seg terminologien… Dernest vil eg kommentera det på komande vis. Gunnar Danbolt er ein av Berven sine tolv, og eg erindrar at han på ei forelesing fortalte om kritikaren Clement Greenberg. Denne hadde så mykje makt og autoritet at kunstnarane han skreiv om ikkje turde anna enn å seia seg einige med han, at ja, det han påstod dei dreiv med, det dreiv dei med. Eg legg til at då postmodernismen kom, og Greenberg fortsatt var hardnakka modernist, sank beundringa frå både kunstnar- og kritikarhald. Likevel vil eg seie at han har påvirkningskraft i feltet enno, kunstteoretisk/-historisk.

Prisverdig er det at Berven vil at begrepet kritikk skal verta diskutert, men ho vil visst ikkje gjera det sjølv. Viss eg tilsynelatande ikkje har skrive om verket, så er det fordi Berven er lite synleg (noko som her ikkje betyr at eg set likskapsteikn mellom verk og kunstnar). Ikkje det at kunstnaren treng vera synleg som sådan, men her er berre eit samansurium av kva kritikk kan vera og korleis den kan oppfattast. Er det eit forsvinningsnummer som skal visa kritikken sin eventuelle dominans over kunsten? Ser eg ikkje kunsten for berre kritikk? Forvekslar eg utstillinga med dei tolv kritikarane sine uttalingar (sjølv om eg berre høyrde på ein brøkdel)? Om det er utlevering av kritikarar ho drøymte om med videoane, så kan ho berre gløyma det. Dei har jo vore i offentleg lys før. For min eigen del les og høyrer eg meir kritikk enn eg ser kunst, av praktiske grunnar. Ideane kring verka er for meg sånn sett viktigare enn sjølve verka.

Men så er det også presentasjonsmåten. Den spelar inn både når ein skal ta inn kritikk, men også når ein skal ta inn kunst. Til dømes er «Pasjon og polemikk» fint og sobert montert. Det er honnørord i forhold til fylgjande, nemleg ein setning eg festa meg ved som vart sagt av Marit Paasche, ein av deltakarane, – at kritikk meirsom skal vera meir og meir underhaldande i dei seinare år, at det er noko ho har lagt merke til. Det er ein tendens eg assosierer ikkje berre med Tommy Olsson, for ein kan likegodt trekkja inn andre medium enn skrift. Tenk flirande Safari-jenter, kule Store Studio og Boktilsynet/Kulturnytt jingles. Norge har ikkje eit reint, altså eit enkelt – forstå meg rett – og spesifikt kritikkprogram. Heldigvis har me Erling Sandmo, musikkkritikar i «På sporet» på P2. Han er min kritikarfavoritt og kunne for min del vore eineveldig. Kvifor? Han er underhaldande på ein god måte, intelligent, seriøs, morsom, dedikert, engasjerande, emosjonell, sjølvstendig, original, artikulert og har praktisk og teoretisk kunnskap – rett og slett eit godt blikk og ei skarp tunge.

Comments (6)